Bjørn Åmot held fram som trenar for damelaget

9. februar 2015

Samarbeidslaget for damer mellom Breimsbygda og STIL satsar friskt mot ein ny sesong med suksesstrenar Bjørn Åmot ved roret. Klubbane er godt nøgde med å få med Bjørn vidare etter det ein må kunne omtale som ein veldig god sesong – som vart avslutta med KM finale mot Sogndal på Fosshaugane. Vi ynskjer Bjørn og damene lukke til med oppkøyringa til komande sesong!