Smågutelaget kom til finalen!

9. februar 2015

Smågutelaget imponerte i dagens kampar og kvalifiserte seg til KM-sluttspel i innandørsfotball for G14. Etter fleire spennande kampar rauk dei i finalen etter ekstraomgangar mot Tornado Måløy.

Det såg mørkt ut for laget då dei tapte dei to første kampane. Først blei det 1-2 mot Skavøypoll og deretter 2-3 mot Stryn.

Ettersom Skavøypoll vann begge sine kampar kunne det likevel bli semifinale om Sandane 1 blei slått i siste gruppekamp, samt at Skavøypoll vann sin siste kamp. Sandane 1 blei slått enkelt 5-0, og Skavøypoll slo Stryn 2 i sin siste kamp.

I semifinalen var motstandar gruppevinnar frå den andre pulja, Stryn 1. I ein målrik kamp blei det til slutt 6-5 siger og finale neste.

I finalen venta Tornado Måløy. Her blei det raskt leiing 3-1, men TMFK kom tilbake og det stod 3-3 etter ordinær tid. I ekstraomgangane blei det 4-3 til TMFK, men gutane er uansett kvalifiserte for sluttspelet i Trivselshagen på Sandane i mars.