Herrelaget trekkjer seg frå 5. divisjon

10. februar 2015

Styret har no gjeve melding til fotballkretsen om at vi trekkjer herrelaget frå 5. divisjon. Vi ser no på mulegheitene for å stille eit lag i 6. divisjon, men det er førebels usikkert om dette blir noko av.

Sesongen 2014 blei tung for det nyopprykka herrelaget. Med over 20 mann i stallen såg det lyst ut før seriestart, men dei fleste av desse «forsvann» i løpet av vårsesongen, og på hausten var det berre 7 av desse spelarane som var med fast. Med 4 spelarar frå andre klubbar og eit par gamlekarar heldt det såvidt til å gjennomføre sesongen.

Trass berre 3 poeng i 2014 har laget vore bra med i store delar av mange kampar. Det har vore 7-8 spelarar som har trena godt og halde bra 5. divisjonsnivå, så hadde vi godt håp om å kunne gå på ein ny sesong i divisjonen, om vi kunne få til eit samarbeid med ein av naboklubbane. Etter å ha vore i kontakt med dei 3 næraste klubbane, har dette ikkje lukkast. Vi hadde og eit møte med spelarane, der vi ville ha tilbakemelding på kven som ville vere med vidare. Her var det 4 spelarar som ville vere med å spele i 5. divisjon, medan 3 andre helst ville spele i 6. divisjon. I tillegg var det 2 spelarar som ville avvente situasjonen. Over 20 spelarar som var med i 2014 har ikkje gjeve noko form for svar eller tilbakemelding, og kan såleis ikkje reknast med på vegen vidare.

Ut frå dette blei laget trekt frå 5. divisjon. Det vert no jobba med å få lov av kretsen til å stille eit lag i 6. divisjon. Med færre kampar, kortare reiseavstand og midtvekekampar ser på dette som overkomeleg, samanlikna med 5. divisjon, der det viste seg at det å spele søndagskampar blei ei stor utfordring for våre spelarar.

I skrivande stund har vi 7 spelarar i stallen som vil vere med på årets sesong, samt nokre usikre kort. Vi har heller ikkje fått trenar på plass. Begge deler vert jobba med, og vi satsar på å få til eit herrelag i Breim også i 2015.

Breimsbygda sitt herrelag gjorde ein godkjent kamp mot Stryn 2 i serieopninga i 5. divisjon 2014

Breimsbygda sitt herrelag gjorde ein godkjent kamp mot Stryn 2 i serieopninga i 5. divisjon 2014