Even Hole Cup torsdag 2. april

29. mars 2015

Det er igjen klart for Even Hole Cup på Skjærtorsdag i påska. Rennet startar kl. 11.00 og går i storslalom. Løype i både mellomste bakken og storebakken. Premie til alle som deltek. Sportsgudsteneste ca. kl. 12.00. Vi håpar mange deltek på dette litt uhøgtidlege rennet.

Dei som skal delta i Mellomste heisen må melde seg på via mail til anders.felde@breim.no, dei andre kan nytte linken som ligg i vedlegget under. BBIL dekker startkontingent for løparar frå BBIL.

invitasjon even hole cup 2015