Treningskamp 6. div Breimsbygda – Hyen (3-4)

4. april 2015

Herrelaga til Breimsbygda og Hyen møttes til treningskamp på Reed stadion 4. april. Begge lag har ein siger frå tidlegare treningskamp, Hyen 4-1 over Sandane 2 og Breimsbygda 2-0 over Vikane /Loen. Det låg an til eit tett oppgjer – noko det og vart. Breimsbygda putta det første målet etter godt spel der Andreas Skipenes Kissner sette ballen hardt i nettaket etter god pasning frå Bendik Henriksen. Hyen laga to mål etter ein god periode før pause og stillinga var 1-2 halvspelt.

Breimsbygda sin beste periode var første del av andre omgong. Laget hadde bra kontroll bakover og kom til fleire sjansar framover på bana. Nils Thommas Støyva kjempa til seg ballen midt på Hyen sin banehalvdel og runda målmann til 2-2. Etter dette tok Hyen over føringa og sette to mål. Edvin Fonn Sårheim dunka inn siste målet til Breimsbygda eit par minutt før slutt.

Dagens dommar: Stein Otto Førde