Olav S. Egge er årets idrettsnamn i fylket

11. april 2015

Under idrettskonferansen på Skei blei Olav S. Egge kåra til årets idrettsnamn i fylket 2015.

Kriteria for årets idrettsnamn 2015 var at vedkomande skal ha gjort ein solid innsats over fleire år, god sportsånd, positive haldningar og leve opp til idretten sine kjerneverdiar, vise solidaritet og lojalitet. Han skal leggje vekt på samhandling og trivsel, gje ei ekstraordinær innsats for lokalmiljøet, markert seg ekstra som leiar, trenar eller andre frivillige oppgåver, samt ha god idrettskompetanse gjennom skulering og lang erfaring.

Olav kom inn i idretten i Breim på midten av 80-talet og var leiar i IBIL og seinare Breimsbygda IL fram til årtusenskiftet. Olav sit framleis i arbeidsutvalet og har vore med i styre og stell i idretten i Breim i over 30 år. Vi gratulerar Olav med denne velfortente utmerkinga.

Olav S årets idrettsnamn

Foto: Stig Roger Eide, Firda


Olav fekk utdelt prisen av leiar i Idrettskrinsen, Nils R. Sandal.