Flott oppmøte på sesongens fyrste orienteringstrening

13. april 2015

Flott oppmøte på sesongens fyrste orienteringstrening! Heile 33 ivrige barn møtte og gjorde ein strålande innsats. Etter litt info om korleis bl.a orienter seg på kartet, gjenkjenne ulike symbol og finn retninga nord, gjekk vi ei kort runde som oppvarming. Etterpå fekk ungane (og vaksne) prøve seg på tre ulike korte løyper. Mange av barna prøve seg like godt på alle tre løypene, imponerande innsats!

Fredag 17.04 er det ny trening, oppmøteplass som sist: ved gamle Byrkjelo barnehage kl 18.00. Då håper at vi at alle som møtte sist + enda fleire nye stiller opp! Vel møtt!