Informasjon om friidretten i Breimsbygda Idrettslag, 2015

16. april 2015

Stafett-trening:

Startar opp 7.april, og fortset heile april. Treningane blir på Reed stadion, kl. 17.30 – 18.30. Er for barn født 2005 og tidlegare. Vi vil gjerne at dei som har fotballtrening då tar litt intervalltrening/løpstrening saman med oss – det blir de betre fotballspelarar av!

 

Stafettar vi deltar på:

Olden-stafetten er 26.april og Breims-stafetten helga etter, 3.mai – dei må vi vere med på!

 

Kick-off:

Vi sparkar i gong friidrettsåret også for dei yngste med leik og friidrettsmoro, på Reed stadion, 2.mai, kl. 13.00!

Kombiner gjerne kick-off med å bli med på familieløpet Breimsmila, sjå heimesida for oppdatert informasjon om starttidspunkt!!

 

Friidrettsskule:

Trening for barnehagebarn + barn opp til 10 år! Vi blir både på Reed og Byrkjelo stadion. Sjå liste som vert sendt ut/lagt ut på heimeside/Facebook!

 

Friidrettstrening:

Trening for barn født 2005 og tidlegare. Byrkjelo stadion, tysdagar kl. 18.30 – 19.30. Vi vil i år ha fokus på dei ulike øvingane slik at vi startar med løp, deretter blir det fokus på hopp og kast! Vi håpar å få med oss fleire flinke trenarar på dette slik at teknikk i dei ulike øvingane får eit litt større fokus, og barna får prøvt seg på heile spekteret av friidrettsøvingar.

 

Trening til Sparebankleikane:

Sparebankleikane vert arrangert siste helga i juni. I samarbeid med GFIL og dei andre moderlaga i Gloppen vil vi ha felles treningar følgjande onsdagar (OBS!): 3., 10., og 17.juni. Då blir det trening saman med andre i kommunen og med alle dei flinke friidrettstrenarane som er her!

 

Trening saman med GFIL:

GFIL trenar på Byrkjelo tysdagar og torsdagar kl. kl. 18 – 19.30. Dei kan også våre utøvarar vere med på. Startar opp 16/4

 

Hetlestøylen opp:

Friidrettsgruppa og orienteringsgruppa vil også i år arrangere Hetlestøylen opp! Informasjon om datoar kjem!

Terrengløp:

Vi vil prøve oss på terrengløp på Utvikfjellet. Dato er enno ikkje satt!

 

Fellestur:

For to år sidan var vi på Ørsta-leikane saman med utøvarar frå STIL og Fj/Vereide. Vi håpar å få til ein fellestur igjen i år. Det er enno ikkje avklart kor og kor tid.

 

Stemner vi oppfordrar til å vere med på:

Det er mange stemner i nærleiken som kan vere kjekke å vere med på. Vi legg ut informasjon om stemner etter kvart som påmeldingsfristen nærmar seg, men her er nokre tips til aktuelle stemner å vere med på – alle arrangerast i mai:

  1. mai: Seriestemne Fj/V og STIL
  2. mai: Seriestemne 1 Hyen IL – Friidrett Gloppen
  3. mai: Gloppenmeisterskap Gloppen FIL Gloppen

28 – 31.mai: Framolekene Bergen

  1. mai: Åsen&Øvrelidleikane 1-4.klasse Førde IL – Friidrett Førde
  2. mai: Åsen&Øvrelidleikane 5. klasse og eldre Førde IL – Friidrett Førde
  3. mai: Honndalsleikane Hornindal IL – Friidrett Hornindal

28-29.juni Sparebankleikane.

 

Påmelding til stemner:

For alle påmeldingar, send ein e-post til kleppenesa@gmail.com, eller  post ei melding på Facebook – så skal vi ordne påmeldingar. Dette gjeld alle stemner de vil vere med på!

 

Eggenipa opp:

Sett av siste helga i august – då vert årets Eggenipa opp arrangert. Det er eit spektakulert motbakkeløp som kan vere kjekt å skryte av at ein har gjennomført, både for liten og stor!

 

Lagsmeisterskap:

2.september, på Byrkjelo stadion.

 

Heimeside:

Vi legg ut informasjon og resultat på heimesida til Breimsbygda: http://www.breimsbygda.no/

De finn og mykje informasjon på friidrettgruppa si side på Facebook: Breimsbygda FRIIDRETT.

Vi vil legge ut bilder på både Facebook og heimeside. Om nokon ønskjer å reservere seg mot at vi brukar bilder av dykkar barn så send ei melding til Reidar: reidar@sandane.byggern.no

 

Ta gjerne kontakt om de lurer på noko eller har innspel til oss! Det er også veldig kjekt om de kan stille på som hjelparar på treningane våre, spesielt er det bruk for det på friidrettsskulen!

 

FRIIDRETTSGRUPPA.