Seriemeistrar -igjen..

16. april 2015

Herrelaget til Breimsbygda IL har også denne sesongen gjort sine saker svært så bra i 2. divisjon. Med god miks av yngre og eldre spelarar har laget prestert på høgt nivå gjennom heile året. Den største utfordraren har vore Studentspretten frå Sogndal, eit lag som har hevda seg bra i både NM og EM for skulelag. BBIL har spelt 3 kampar mot sogningane og vunne 2 av desse.

Tabellen ser slik ut pr. dags dato, og sjølv om det gjenstår fleire kampar er allereie BBIL seriemeistrar.

Skjermbilde 2015-04-16 kl. 09.47.49

Herrelaget har høve til å spele kvalifisering for 1. divisjon, men med nokre spelarar vekke på skule neste år vil nok ikkje laget takke ja til å spele kvalifiseringspel. Med noko fråfall til neste sesong må ein og sjå på kor mange spelarar som er disponible før neste år. Pr. dags dato veit vi at vi misser 2 spelarar, men vi håpar og Jørgen Veien igjen kan gjere comback i BBIL-trøya etter nokre år i Trondheim og 1. divisjonspel. Vi ser og på samarbeid med andre klubbar for å heve nivået både på trening og i kamp.

Vi håpar ellers at beachvolleyballbana på Byrkjelo blir flittig brukt i sommar….

Foto: Roy Aron Myklebust, Fjordingen.

Foto: Roy Aron Myklebust, Fjordingen.