MINIPUTT-TURNERING 10. MAI BYRKJELO

28. april 2015

Breimsbygda arrangerar årets første turnering for miniputtane. Her er invitasjon til turneringa på Byrkjelo 10. mai.

Invitasjon miniputt turnering

 

INVITASJON TIL KONGLERIKET MINIPUTT-TURNERING PÅ BYRKJELO 10. MAI

Breimsbygda fotball ønskjer alle miniputt-lag i Hyen, Brodd, Sandane, Vikane og Jølster

velkommen til Kongleriket Miniputt-turnering på Byrkjelo, 10. mai. Turneringsstart vil vere kl. 1100

Det er muleg å melde på lag i følgjande klassar:

Gutar 6 år Jenter 6 år
Gutar 7 år Jenter 7 år
Gutar 8 år Jenter 8 år
Gutar 9 år Jenter 9 år
Gutar 10 år Jenter 10 år

Vi oppfordrar om at klubbane melder på med reine jente/gutelag. Om de er for få spelarar, kan det avtalast å spele med færre spelarar på bana. Ved blanding av to årsklassar (eks. J 6/7 år) , bør laget meldast på i høgste årsklasse.

Påmelding innan 6. mai. e-mail: fotball@breim.no
Vi ønskjer at klubbane sender ei felles påmelding av laga og ber om å få opplyst tal spelarar på kvart lag, slik at det blir nok premiar til alle deltakarar. Kampoppsett vert sendt ut før turneringa dersom påmeldingane kjem inn innan fristen!

Det vert som vanleg godt utval i kiosken! Det vert og servert gryterett denne søndagen.

Vi ønskjer at Fair Play skal vere gjennomgåande i Kongleriket Miniputt-turneringa. Fair Play helsing vil vere obligatorisk i alle kampar, og vi håpar alle vaksne som er tilstades opptrer som gode rollemodellar for miniputtane våre.

Vi oppmodar alle om å køyre forsvarleg og sikkert til turneringa, og ønskjer alle klubbane velkomne til ein flott miniputt-søndag!


Med vennleg helsing

Breimsbygda fotball