Eivind Indrebø sitt idrettsfond 2015 vart tildelt Robert Andre Moldestad

3. mai 2015

Eivind Indrebø sitt idrettsfond 2015

Eivind Indrebø sitt idrettsfond går til gut/jente i Breim som syner god vilje og innsats for å drive det litt vidare enn vanleg idrettsdeltaking.
Eivind var ein av drivkreftene i Breimstafetten si storheitstid på slutten av 70-talet og byrjinga av 80-talet. Derfor er det flott å få dele ut dette på Breimstafetten!
Den som får tildelt utmerkinga i år er ein gut som har vist god alsidigheit ved å vere aktiv i handball, fotball, friidrett og vektløfting. No er nok hans hovudidrettar friidrett og vektløfting som går godt å kombinere. Han var i fjor den 3 raskaste på 60m i Norge i si klasse. Han var best i fylket i si klasse i 5 øvingar i friidrett. For 2 veker sidan vart han norsk meister i vektløfing for ungdom i 62 kg klassa. Ein veldig flott idrettsungdom med gode haldningar og ein som mange ser opp til her i Breim. Ein som kan drive sin idrett langt om han fortset som no.

Eivind Indrebø sitt idrettsfond vert tildelt Robert Andre Moldestad.