FLOTT MINUPUTTDAG PÅ BYRKJELO STADION

11. mai 2015

Miniputtane hadde ein flott dag på Byrkjelo søndag 10. mai! Breimsbygda fotball arrangerte årets første kongleriketurnering og som vanleg var det eit yrande liv med små og litt større forballspelara. Dei minste var sjølvsagt spente og litt nervøse, men det påverka ikkje innsatsen noko som vi kunne sjå. Tilbakemeldingane tyder på at barn og vaksne hadde ein kald, men flott dag denne søndagen. Utsendingen frå fotballkretsen gav og Breimsbygda god omtale i skriftleg rapport etter arrangementet.

Ei slik turnering er eit stort og krevjande arrangement og som vanleg er det ein solid dugnadsgjeng i sving. Takk til dei som stilte på og la rammene for eit sportsleg og administrativt godt arrangement.

Miniputt oversikt

Mange deltakarar også i år!

 

Ser bra ut og smakar godt!

Ser bra ut og smakar godt!