Herrelaget slo Sandane 2

25. mai 2015

Det blei siger 3-0 då herrelaget fekk Sandane 2 på besøk tysdag kveld. Bortelaget hadde ballen mest og spelte mykje mot etablert forsvar, medan vi spelte meir i lengderetning og fekk sjansane våre på overgongar og dødballar. Vi var meir effektive framfor mål og vann det som elles var ein jamn kamp mellom 2 ulike lag. Kjetil Løkke Vie sette inn eit langskot og Leif Øystein Felde skaut ein corner rett i mål. Såleis var det 2-0 til pause. I andre omgang tok STIL 2 meir over, vi vart meir baktunge, men heldt unna til Nils Thommas Støyva sette inn 3-0 rett før slutt.

Andreas Hetle (16) debuterte for herrelaget i denne kampen og var ein av våre beste spelarar med stor arbeidskapasitet. Dei andre unggutane Bjørn Inge Flølo Kleppe(16), Jon-Åge Strand (17) og Tormund Årdal (16) trenar godt og blir betre for kvar kamp dei spelar. Vi gamle heng framleis delvis med og etter 3 strake sigrar ligg vi no eit poeng bak serieleiaren med ein kamp mindre spelt. Målet for sesongen er å stille lag til alle kampane og ikkje rykke opp. Vi er no i grenseland med begge desse ambisjonane 🙂

Foto lagbilete: Åsne Gaustefall
Knut Ove Henden tok bileta frå denne kampen og fleire bilete finn du her.

STIL sitt referat frå kampen finn du her:
Referat

Andreas Hetle mot STIL 2
A
ndreas Hetle. Foto: Knut Ove Henden