Storsiger over Tornado Måløy

29. mai 2015

Det enda med heile 8-0 då damelaget fekk besøk av tabelljumbo Tornado Måløy. Etter fleire jamne kampar med lite mål, løsna det skikkeleg i denne kampen. No ligg damene på 2. plass i serien.

Breimsbygda/Sandane tok tidleg kommanden i denne kampen, og allereie etter 9 og 11 minutt stod det 2-0 etter scoringar av Maria Kleppe og Elin Møll. 3-0 kom etter 27. minutt av Siri Henden og Eli Kristin Arnestad sette inn 4-0 rett før pause. Heimelaget hadde full kontroll og hadde avgjort kampen før pause.

I andre omgang slapp mange spelarar seg litt nedpå og Tornado Måløy kom godt med i kampen og kom til eit par gode sjansar i første halvdel av andre omgang. Etter 75 minutt var det likevel slutt på kreftene for bortelaget og med 4 raske mål på 6 minutt var kampen over. 5-0 kom ved Kristin Myklebust, 6-0 Julie Kandal, 7-0 Maria Kleppe og 8-0 Kristin Myklebust. Alt i alt en svært god kamp av damene som tidvis varta opp med flott angrepsfotball.