Damelaget spelte uavgjort borte mot serieleiaren

8. juni 2015

Damene greidde uavgjort borte mot Sogndal. Det såg vanskeleg ut då stillinga var 2-0 etter 20 minutt. Ei redusering rett før pause av Kristin Myklebust og ei tidleg scoring i andre omgang av Eli Kristin Arnestad utlikna kampen til 2-2. Dette heldt seg resten av kampen og Breimsbygda/Sandane var etter kampen godt nøgde med dette resultatet. Trenar Bjørn Åmot meinte etter kampen at dette var årsbeste for våre damer.