Best i landet etter 1.serieomgang

9. juni 2015

Breimsbygda leiar 5-kampserien i vektløfting for gutar opptil 18 år etter første serieomgang.
Norges Vektløftarforbund skriv:

«I Gutter inntil 18 år er det, gledelig nok, Breimsbygda IL som har ledelsen med 1945,64 poeng. Nidelv IL følger på 2. plass med 1812,89 poeng, og Tambarskjelvar IL er nummer 3 med 1581,17 poeng. Larvik AK er nummer 4 med 1258,22 poeng»

Vi satsar på å halde unna også i dei to siste serieomgangane!

Lurer du på kva 5-kamp vektløfting går ut på? KM 5-kamp går på 123 og Byrkjelo Stadion laurdag 13.juni, med start på 123 kl. 11.00. Møt opp og sjå dei beste gutane i landet og inspirerer dei til nye persar og forsatt serieleiing!