Tap mot Hyen

13. juni 2015

Etter ei flott sigersrekkje fekk herrelaget erfare at ingenting veks til himmelen. Det blei tap 0-3 i nabooppgjeret mot Hyen. I ein jamnspelt kamp var det bortelaget som var mest effektive denne gongen, og ein unngjekk såleis å ende opp som serieleiar etter kampen. Neste kamp er Stadlandet borte, før vårsesongen blir avslutta med muleg toppoppgjer heime mot Haugen.