Herrelaget trekkjer seg frå kampen mot Stadlandet

19. juni 2015

På grunn av spelarmangel til kveldens kamp borte mot Stadlandet, og mangel på datoar der fleire spelarar kan stille,  har herrelaget trekt seg frå kampen. Det betyr at Stadlandet får 3 poeng og vi får ei bot. Skulle vi kome i same situasjon seinare i årets sesong blir vi trekt frå serien. Av 19 spelarar som skulle vere med på laget i år, var det no berre 5 som kunne stille. Vi får håpe spelarane legg innsats i at dette ikkje skjer igjen.