Onsdagsturen, 8.7. Støyl-til-støyl

2. juli 2015

Flott at 20 personar vågar seg ut på langtur på ein relativ grå kveld.

Kjekt var det, vi fraus ikkje og vêret blei ikkje verre enn venta. Vi klarte 15 støylar i eit jafs i kveld.

Nista vår åt vi denne gongen inne i selet på Rusta.

Vi takkar Greta S. Veien for kyndige informasjonar på alle støylane.

Sabine

Støyl_orange

Våre oransje deltakarar

 

 

 

 

 

 

 

Litt seinare enn vanleg, men tradisjonen tru skal vi legge ut på støyl-til-støylsturen vår. Alle burde har vore med på denne turen minst eingong i livet og allerhelst kvart år. Fordi dette er kjekt!

Kva tid: kl. 17.00

Oppmøte: parkeringsplassen på Utvikfjellet

Ansvarleg for turen: trimgruppa ved Sabine Exner (tlf. 48053040), Jon og Astrid. Greta S. Veien er den kyndige kjentmannen vår på turen.

Vi går frå Utvikfjellet og er innom alle 16 støylane fram til Hunskårstøylen. Turen tek med stopp ved kvar støyl ca 5-6 timar. Nistepause på Sårheimsstøylen etter ca. 2 timar.

Det er bra og lett terreng, men litt ulend og ein del steg å gå.

Etter ynskje kan ein korte inn turen og gå ein av stiane tidlegare ned til bygda. Turen er omtala i «Dagens tur» av Jan Nic. Hansen.

Dersom vassføre i elva mellom Dalsstøylen og Hunnskårsstøylen er for stri, droppar vi siste støyl. Vi ser også vêret an om vi gjennomfører turen. Følg med på nettsida vår.

Vi treng påmelding frå dei som treng skyss heim frå Høygarden. Dette tar Trimgruppa kr 50,- for.

Les gjerne på denne flotte bloggen om turen i fjor.

http://www.fjell-luft.blogspot.no/2014/06/16-stlar-pa-15-km-med-kvilepuls.html

Sabine