Turorienteringa er i handelen !

10. juli 2015

No er årets turorientering i handelen. Nytt av året er 5 grøne turar, som spesielt er tilrettelagt for dei som ikkje har prøvd turorientering før, eller for dei som ynskjer å gå på sti/veg. Dei 5 grøne turane ligg på Hjelle, i ura, frå Eggestøylen til Gåsemyrstøylen, Frå myklebustdalen til Veiteberg og på fjellvegen frå svoda til øvresetstøylen. Ellers ligg det totalt 12 postar på Utvikfjellet frå skavleggane til Snøfjellet. De får kjøpt turorienteringa på Coop marked Reed, Coop prix Byrkjelo, Esso- Best Byrkjelo og på Byrkjelo Camping. Posane kostar kr 150, ekstra kort kr 40. Hugs å levere registreringsark til Ivar Halland slik at vi får oversikt over kor mange som nyttar seg av turorienteringstilbodet vårt ! For meir informasjon, sjekk nettsida turorientering.no og gå inn på arrangør- Breimsbygda IL. God tur !!