Då var Norway Cup eventyret over for våre lag

29. juli 2015

Breimsbygda sine tre lag, to smågutelag og eit småjentelag, gjekk i dag (onsdag 29.juli) ut av Norway Cup turneringa.

Etter solide kampar i gruppespelet enda det med tap i første kamp i sluttspelet. Ut frå rapportar frå Ekebergsletta er det likevel god stemning og flinke Breimsbygdaspelara er ei stor erfaring rikare. Verkar som dette har vore ei flott og minnerik oppleving for både spelarar og foreldre!