Bortetap for herrelaget på Flatraket

8. august 2015

Herrelaget starta haustsesongen med tap 5-1 borte mot Flatraket/Selje 2. Med 12 spelarar tilgjengeleg inkludert spelande leiar i fotballgruppa Pål Sandal, var dette eit ok resultat med tanke på at vi mangla fleire nøkkelspelarar. Fokuset no framover blir å stille lag på resten av kampane og få fleire til å delta på trening slik at dei yngste får speletrening mellom kampane. Neste kamp er heime mot Svelgen som går no tysdag 11.08 klokka 19.00

Bilete og kampreferat frå haugenfotball.no:
http://www.haugenfotball.no/fakta150807flatraketselje2breimsbygda.html