Damelaget slo Høyang og tok over 2. plassen.

23. august 2015

Breimsbygda/Sandane slo til med ein sterk siger i heimekampen mot serietoar Høyang. Det blei ein spennande kamp med 7 mål, utvisning og spenning heilt til slutt. Med dette resultatet overtok damene 2. plassen og ut frå spelet i denne kampen bør laget bli verande i toppen resten av sesongen.

Første omgang var prega av litt nervar frå begge lag og litt mange lange oppspel utan adresse. Bortelaget starta kampen best og kom til eit par gode sjansar Dei var nær å ta leiinga då ein corner gjekk i tverrliggaren og ned rett framofor streken. Utover omgangen kom heimelaget meir med og skapte eit par store sjansar. Målet omlag halvegs i omgangen. Eit framspel i bakrom der keeper blei passert ute på sida, og Ariane Ravnestad var på plass framfor mål og sette inn leiarmålet. Dette heldt seg til pause.

2. omgang blei svært underhaldande og inneheldt det meste. Breimsbygda/Sandane tok tak i kampen frå start og produserte fleire gode sjansar, anført av Eli Anne Arnestad på topp som gav Høyangforsvaret meir enn nok å gjere gjennom heile omgangen. 2-0 målet kom etter omlag 60 minutt der Solgunn Reed Lote slo inn ein corner som Maria Kleppe hedda elegant ned i mål ved bakerste stolpe. Etter dette trekte heimelaget seg lenger bak på bana og såg ut til å ville trygge sigeren. Dette fungerte dårleg og Høyang kom tilbake i kampen. Dei brukte berre 3 minutt på å redusere etter ein corner. Etter dette bølga spelet mykje fram og tilbake og det vart store sjansar til begge lag. Høyang utlikna etter eit gjennomspel som blei sett inn via stolpen.

Etter utlikninga tok heimelaget over kampen igjen og gjekk fortent opp i 3-2 etter corner der Marte Sandal Gangsø stod i returrommet og frå 20 meter plasserte ballen kontrollert over keeper. Nokre minutt seinare blei det ny spenning i kampen då keeper Isabell Rose Kvandal blei utvist etter felling like utanfor 16-meteren. Maria Buene kom inn i mål og heldt buret reint i sin debutkamp på seniornivå. Med 11 mot 10 spelarar greidde ikkje Høyang å få noko overtak i kampen, og det var i staden Breimsbygda/Sandane som skapte både sjansane og måla. Eli Kristin Arnestad kjempa seg forbi to forsvarar og fekk tuppa ballen forbi keeper til 4-2 på slutten av kampen. På overtid var Maria Kleppe igjen på plass etter ein corner og hedda ballen i mål for andre gang i kampen til sluttresultatet 5-2. (Maria hadde 2 timar med hedding som instruktør på Tine Fotballskule tidlegare på dagen, så dette var ikkje tilfeldig 🙂

Det var ein flott gjennomført kamp av damene. Nokre av dei sentrale spelarane frå vårsesongen er reist vekk på skule, og det var difor godt å sjå at dei yngste spelarane som kom opp frå jenteserien viste seg fram og tok tak i kampen. Tidvis var det mange flotte angrep der laget både kom seg rundt på kantane og samstundes greidde å utnytte bakrommet når motstandar stod høgt. Eli Kristin Arnestad (bilete) spelte åleine som spiss og herja til tider med Høyang sitt forsvar som ofte kom på etterskot.

Med denne sigeren er damene no oppe på 2. plass i serien. Held dei fram det gode spelet frå denne kampen bør dei absolutt greie å halde denne tabellposisjonen.

16 år gamle Oliver Kirkeeide Næss frå Stryn var hovuddommar for første gong på seniornivå og hadde full kontroll i ein tett og spennande kamp.

Kampfakta finn du her:
http://www.fotball.no/fotballdata/Kampfakta/?matchId=6178777

Knut Ove Henden sine bilete frå kampen finn du her:
https://www.facebook.com/media/set/?set=a.988853911167053.1073741984.231763886876063&type=3