Herrelaget slo Vikane/Loen på heimebane

24. august 2015

Herrelaget avslutta kampen sterkt og slo Vikane/Loen 4-3 på Byrkjelo tysdag. Det vart ein underhaldande og spennande kamp der laga hadde kvar sin omgang.

Bortelaget styrte det meste i første omgang og leia med 2 mål etter 15 minutt då dei hadde scora på eit gjennomløp og ei straffe. Trass i at spelet stort sett gjekk føre seg på heimelaget sin halvdel stod det framleis 0-2 då Breimsbygda fekk sin første sjanse på corner rett før pause. Kjetil Løkke Vie styrte ballen inn ved bakre stolpe og pauseresultatet blei 1-2.

I andre omgang melde Breimsbygda seg på og omgangen var jamnspelt. Likevel var det Vikane/Loen som gjekk opp til 1-3 etter omlag 55 minutt. No vart det sjansar begge vegar og Vikane hadde to gode mulegheiter til å auke. I staden reduserte Kjetil Løkke Vie etter eit gjennomspel og ikkje lenge etter sette Raymond Niiranen ballen i mål etter frispark. På slutten var heimelaget det førande laget, og på slutten var Raymond Niiranen på rett plass på eit innlegg og fekk si aller første scoring på hovudet som seniorspelar (sjå bilete). Kjekt for både Raymond og resten av heimlaget då dette blei siste scoringa i kampen og sluttresultatet blei 4-3 og heimesiger.

Med denne sigeren passerte Breimsbygda rivalen frå andre sida av fjellet og ligg no på 4. plass med15 poeng. Neste kamp er borte mot Sandane 2 som ligg sist på tabellen med 9 poeng.

Knut Ove Henden sine bilete frå kampen finn du her:
https://www.facebook.com/media/set/?set=a.989817587737352.1073741985.231763886876063&type=3