Orienteringsgruppa arrangerer «Finn fram dag» fredag 28.08.15

24. august 2015

Oppmøte på parkeringsplassen ved Eggestøylen kl.17.30 på fredag 28.08. Hugs penger til bomveg.

Vi skal finne tre postar som ligg ved Eggestøylen, ved Øvredalsvatnet og på Gåsemyrstøylen.

Det vert servert saft og frukt ved Gåsemyrstøylen. Deltakarpremie til alle.

Vel møtt!