Tap mot Sandane 2

2. september 2015

Herrelaget tapte tysdag 2-1 i bortekampen mot Sandane 2. Heimelaget var det førande laget i dei første 60 minutta og leia fortent 2-0. Leiinga kunne vore større. Vi vart i overkant forsiktige og veldig baktunge før vi fekk to mål i mot. Etter at vi flytta opp fleire spelarar fekk vi redusering på straffe ved Kjetil Løkke Vie. STIL 2 fekk ei utvisning på straffa og etter dette hadde vi godt trykk framover og fleire gode mulegheiter. På slutten hadde vi to store sjansar og burde putta ballen i mål bak Arne Nybø Gangeskar i STIL-målet. Likevel kan vi ikkje klage då vi tidlegare i sesongen har hatt flaksen på vår side i slutten av kampane fleire gongar og fått med oss poeng.

No gjenstår fire kampar av sesongen og med 3 eller fleire poeng i desse kampane (heime mot Oppstryn, borte mot Hyen, heime mot Stadlandet og borte mot Haugen) held vi truleg posisjonen som nest beste lag i Gloppen. Sandane 2 ligg 3 poeng bak med 3 kampar igjen, medan Hyen ligg 5 poeng bak med 4 kampar igjen.

Trass i greie resultat er vi no heilt på felgen når det gjeld spelarar. Av dei 18 som danna grunnlaget for at vi meldte på lag til serien, var det berre 5 som var med på denne kampen. Resten er stort sett gamlingar rundt 40 som er hanka inn etter kvart, samt at vi har fått med 4 tenåringar som har vore stabilt med sidan i vår. Vi hadde vår første skikkelege trening på lang tid med 6 spelarar no på fredag. Forrige trening med minst 6 spelarar var i mai. At vi greier å vinne mot Vikane/Loen, og vere nær utlikning mot Sandane 2 på slutten av kampane skuldast nok rutine og at nokre trenar på eiga hand, samt at motstandarlaga heller ikkje ser ut til å vere i topp fysisk form.

Det å bidra gjennom å møte på trening og kamp er for dårleg i årets spelarstall, og vi har ein solid jobb å gjere for å knyte til oss nok spelarar (og evt. trenar) for å stille lag til neste sesong. Ein del var ivrige å trene i vinter, for så å slutte før seriestart, eller berre møte på kampar. Dette bør vi ta med oss når årets sesong skal evaluerast.