Uavgjort for begge seniorlaga

8. september 2015

Begge seniorlaga var i aksjon tysdag kveld. Damene spelte 1-1 borte mot Tornado Måløy og endar nesten heilt sikkert på 2. plass med ein kamp igjen. Nesten like sikkert er det at Høyang kjem på 3. plass og blir første motstandar i sluttspelet.

Herrelaget fekk besøk at Oppstryn og spelte 4-4 på Reed stadion. Karane mangla nokre spelarar og uavgjort må seiast å vere eit godt resultat mot eit svært rutinert Oppstryn-lag. Stein Otto Førde debuterte for Breimsbygda i denne kampen i ein alder av 43 år (Eit par kampar seinare enn sonen). Han var den eldste på heimelaget men langt frå den eldste på bana 🙂 Måla til Breimsbygda: Kjetil Løkke Vie 2, Tormund Årdal og eit sjølvmål.

Knut Ove Henden sine bilete frå herrekampen finn du her.