Reinløpet 2015 – løp for Syria

9. september 2015

Årets Reinløp er på søndag, 13. september.

Etter oppmoding har vi flytta klokkeslett for registrering til kl. 11.00 – 12.00.

Møt opp på parkeringsplassen på Sandtaket på Utviken.

Registreringsavgifta går denne gongen uavkorta til UNICEF Syria-flyktninghjelpa.

Som tidlegare trekker vi 5 flotte t-skjorter med Reinløpet-motiv blant deltakarane.

Husk å gå ruta via Torheimstøylen. På Støyvastøylen ventar kaffi, saft og noko attåt.

Velkomen og god tur på ein fin haustdag.

Sabine