Digital registrering med GEOREG

16. september 2015

Georeg – app

Frå og med 1. oktober startar Trimgruppa utprøving av digital registrering av Breimstrimmen.

Til dette brukar vi appen GEOREG som blei utvikla i samarbeid med BRODD. Trimgruppa til Brodd har brukt systemet sidan nyttår og har gjort gode erfaringar med det.

Enkelt å bruke. Når du først har klart å laste ned appen til smartphonen din så går registreringa som ein leik. Når du er minst 50 m frå ein trimpost som er registrert i Breimstrimmen klikkar du på appen. Så klikkar du på «Registrere». Første året er denne tenesten gratis for deg, dvs. BBIL betalar kostnaden i utprøvingsperioden.

Fordelar. Du sparar Trimgruppa for manuell opptelling og tyding av namn. Dette vil frigjere eit hav av tid. Du får full oversikt over dine turar til einkvar tid. Du blir oppdatert korleis du ligg an, både i forhold til poeng og i forhold til andre. Det er eit trygt system, du er ikkje avhengig av mobildekning og det er GRATIS!

Ulemper. Ikkje alle har smartphone. Enkelte vil oppleve det som ein teknisk terskel. Bøkene blir ikkje brukt i same omfang som før. I overskueleg framtid vil vi bruke både bøker og appen til registrering. Dersom du brukar appen treng du ikkje skrive deg i trimboka Viss du likevel har veldig lyst til å gjere det, er det sjølvsagt mulig. Skriv då GEOREG i parantes, slik at du ikkje rikerar å få dobbelt med poeng.

Registrer degGeoreg i dag og ver med på utlodding av Breimstrimmen t-skjorte. Blir det for vanskeleg spør ein ungdom i huset eller (til nøden) ein i styret til Trimgruppa. Du kan gjerne prøve ut den digitale registreringa frå i dag, men poenga vil bli nullstilte 1.10. Men frå då gjelder det!  Det blir spennande å sjå kor mange som blir med på det. Det er 35 deltkarar av Brodd sine medlemer som har registrert seg. Det kan vi vel slå?!

Les meir om Georeg her

 

Sabine

registrere