INFORMASJON MINIPUTT

21. september 2015

Informasjon miniputt-turnering søndag 27. september

 

Neste turnering vert arrangert av Jølster IL. Turneringa starta kl 1100 på Skei stadion. Breimsbygda sine lag må møte seinast kl 1030.

Kampoppsett vert lagt ut på fotballgruppa sine sider på www.breimsbygda.no så snart vi får dette tilsendt.

Ta kontakt med trenar eller lagleiar ved spørsmål eller for å seie frå dersom ein ikkje kan vere med denne dagen.

 

Sesongavslutning

Måndag 28. september vert siste trening for sesongen. Denne dagen møter vi på Byrkjelo stadion kl 1745. Vi prøver oss på ferdigheitsmerke før premieutdeling.

-Ta med draktsett for innlevering!