Breimstrimmen 2015-2016 begynner i desse dagar

1. oktober 2015

No er dei nye trimpostane i Tistamskaret og på Støyvastøylen komne opp. Bøkene på Kvilestøylen og Skavegga har blitt tatt ned. Kortaste tur og beste rås går frå Kvilestøylen opp til skaret. Det tar ca. ein time. Parkering ved bommen på Liavegen.  Les meir her om turen.

Bøkene skal bli byta ut i tur og orden, men den digitale registreringa startar fom. i dag. Husk at vi trekker ei t-skjorte blant dei første 10 som registrerar seg på ein post. Fram til no har 3 utenom oss i styret registrert seg. Registrer deg med mobilen din på georeg.no og last ned appen. Då slepp du å skrive deg inn i trimbøkene, men registrerar deg via app. Viss du gjerne vil sjå namnet ditt i boka, MÅ du skrive GEOREG bak namnet ditt, slik at vi ikkje tel dobbelt. Les meir om registrering med App her

Sjølvsagt er også velkomne å delta i Breimstrimmen utan smartphone; det ligg bøker på alle trimpostane.

BBIL Trimgruppa ynskjer alle ein flott haust og sprek trimsesong 🙂

Sabine