Herrelaget tapte mot Haugen og blei passert av Hyen

5. oktober 2015

Herrelaget avslutta sesongen borte mot Haugen. Vi hadde lite å stille opp mot eit opprykksjagande heimelag og tapte til slutt 8-0 etter at det stod 3-0 til pause. Grunna tidleg kampstart var vi berre 11 spelarar i troppen. I pausen måtte spelande styreleiar ut med skade og vi var berre 10 spelarar i andre omgang. Eit par spelarar fullførte og kampen halvskada. Haugen dominerte sjølvsagt kampen stort og hadde vel rundt 20 kvalifiserte avslutningar. Då dei leia 8-0 midt i andre omgang slo dei av på tempoet og resten av kampen blei mållaus.

På eit mørkegrått Breimsbygda var det to spelarar som utmerka seg. 56 år gamle Magnar Hole var tilbake på bana han debuterte på som 16 åring for 40 år sidan (Magnar har no 241 kampar for Breim sidan 1981). Saman med unge Geir Kvellestad på 42 år var desse to våre beste spelarar. Begge to var i god form og gjorde ein god kamp.

No når sesongen er over kan vi vel kort oppsummere at det har vore ein resultatmessig ok sesong. 15 poeng på våren og 2 på hausten. Nest siste plass framfor Sandane 2. Hyen gjekk forbi oss etter ein sterk sistekamp og hyarane blei såleis nest beste lag i Gloppen.

GeirKvellestad
Geir Kvellstad var tilbake for Breimsbygda.

Totalt sett har sommaren og hausten blitt trasig for oss som likar å spele fotball. 4 av våre yngste spelarar har møtt jamnt på trening gjennom sesongen. Saman med Kjetil Løkke Vie, eit par gamlekarar og nokre smågutespelarar har vi vore 6-7 på treningane slik at vi har spelt litt 3 mot 3. Resten av spelarstallen møter kun på kamp og rundt halve spelarstallen har knapt vore på ei einaste trening sidan seriestart. Dette er sjøvsagt noko vi må ta med oss når vi skal vurdere om vi skal stille lag neste sesong. I denne siste kampen var det berre 4 spelarar igjen av dei 20 som danna grunnlag for at vi meldte på lag til årets sesong.

Bilete og kampfakta frå Haugenkampen finn du på haugenfotball.no her:
http://www.haugenfotball.no/fakta150929haugenbreimsbygda.html