No er Idrettsklubben i gang att!!!!!!!!!

14. oktober 2015
Vi startar opp att fredag 17.oktober kl. 18.00-20.00 med den yngste gruppa.
Denne dagen har Ungdomsskulen elevkveld, difor vert det ikkje IDK for den eldste gruppa denne gongen.
Fram til jul vert det idrettsklubb kvar fredag, med ballaktivitet i gymsalen og playstation, vafler og saft +++++ i stadionbygget.
 
I tillegg vert det ein overraskelse for begge gruppene på siste IDK før jul. Så alle ungar – MØT OPP PÅ IDK KVAR FREDAG FRAMOVER og ha det moro!!!! 😀
Vaflene og safta er der som før til «førpris» mellom aktivitetane.
Idrettsklubben er eit sosialt tilbod til ungane våre!! Vi er difor avhengig av at foreldrene stiller på som medhjelparar på kjøkenet og som aktivitetsskaparar. Kreativiteten har vi alltid bruk for!! 🙂
Så foreldre – STIKK INNOM – de er hjartleg velkomne.
Vi satsar på  det frivillige, og heng opp liste på kjøkenet der ein kan skrive seg på.
Den gode gamle vaffeloppskrifta på skåpdøra er plukka fram att, med mjølk frå «Fløtra» og «hønekuler» frå Hjelle høseri.
«Søje» på kjøkenet er tilbake!!!  🙂