Basis i gymsalen i barnehagen

28. oktober 2015

Tysdagar vert det basis trening for gutar/jenter frå 10 år og oppover i gymsalen på Reed, kl. 17.30 til 19.00. Basis trening er for ALLE idrettar, det er kondisjon, styrke, spenst, smidigheit, balanse, ja rett og slett allsidig trening, som gagnar alle idrettar. Uansett kva idrett ein vil drive med, er basis trening det viktigaste for å utvikle seg, eller for å kome i god form. Det er moro, så få med vener og still opp.