SMÅGUTAR 7AR VANN FØRSTE FINALEKAMP

1. november 2015

Smågutane hadde god kontroll på Årdalstangen i første KM-finale på Reed søndag ettermiddag. Det blei til slutt 9-4 og eit godt utgangspunkt før siste finalekamp mot Dale. Onsdag blei det 1-12 mellom Årdalstangen og Dale i Årdal. Det vil seie at berre siger gjev KM-tittel for våre smågutar når dei reiser til Dingemoen for å møte Dale på søndag. Ved uavgjort vinn Dale med betre målskilnad.