Smågutelaget vann KM-finalen

14. november 2015

Det knytte seg stor spenning til kampen då smågutelaget reiste til Dale for å spele avgjerande KM-finale i 7ar fotball. Breimsbygda slo Årdalstangen 9-5 i første kamp. I andre kamp blei Årdalstangen slått heile 12-1 av Dale. Våre smågutar måtte såleis vinne den avgjerande finalekampen borte mot Dale, medan laget frå Sunnfjord ville vinne om det blei uavgjort.

Kampen starta med press frå Dale, men keeper Håvard Hetle heldt Breimsbygda inne i kampen. Utover kampen kom våre gutar meir og meir med og vann til slutt med imponerande 7-1. Dale var bra med i kampen, men Breimsbygda hadde matchvinnarar i keeper Håvard Hetle og Tommy Flølo som blei avgjerande i denne kampen. Tommy måtte stå over den første finalekampen grunna skade, men avgjorde denne finalekampen med heile 5 scoringar.

Smågutane vart historiske med denne KM-sigeren. Det er første gong eit aldersbestemt gutelag frå Breim har vunne KM-finale i fotball. Det andre aldersbestemte laget som har greidd det same er jentelaget frå 1991 som vann 7ar serien utan tap.