6 SPELARAR TATT UT TIL ENIVEST FOTBALLSKULE 2016

22. november 2015

Enivest fotballskule for 2003-modellar blir arrangert som 6 samlingar der spelarar frå Jølster, Breimsbygda og Sandane deltek. Det er lagt opp til 6 helgesamlingar på kunstgrasbana frå 29.november og fram til 7. februar. Fotballskulen blir avslutta med ei turnering 27. februar mot andre fotballskular i Nordfjord. Etter turneringa blir sonelaget for Nordfjord plukka ut.

Spelarane kretsen har plukka ut frå Breimsbygda er Håvard Hetle, Elias Helle Felde, Elias Natås, Marthea Felde, Sunniva Egge Søvde og Margit Røyseth Seime.