Viktig info om digital registrering i Breimstrimmen

8. januar 2016

Den digitale registreringa via Georeg-appen har blitt enklare i bruk.
No slepp ein å sende ein sms, men turen blir registrert rett på nettdatabasen når du klikkar: REGISTRERE-knappen på mobilen din.

Dette betyr at tenesten er no heilt gratis, både for trimmaren og for BBIL.

Første gongen du gjer dette blir du bedt om å skrive inn mobilnr. ditt. Seinare slepp du det. Den nye versjonen av appen pleier å oppdatere seg automatisk.

Viss ikkje må du gjere det manuelt.

Dessverre fungerer ikkje den nye appen på iPhone enda. Som vanleg: gi beskjed til Sabine når du møter problem 🙂