På fredag er IDK på Utviken

4. februar 2016

logoPå fredag er det karusellrenn på Utvikfjellet, og vi legg første gruppa på IDK til fjellet. Vi startar kl.18.00, karusellrennet startar kl.18.30 (fristil) . Alle som deltek på skirennet får premie. Ta med noko å ake på, ski eller akebrett. Tautrekket vert ope. Det blir ingen kiosk, så ta med varm drikke og mat om de ynskjer det. Det er mulig å fyre opp grua om nokon vil grille pølser. Og ein må kle seg for å vere ute i to timar. Vi avsluttar på Utviken ca kl.20. Den eldste gruppa på IDK møter på stadionbygget som vanleg.