Gull, sølv og bronse i NM Vektløfting Jr.

15. mars 2016

I helga var det NM i vektløfting for juniorar i Gjøvik. Sogn og Fjordane stilte sterkt og frå Breimsbygda idrettslag var det heile 7 deltakarar og dei kom heim med edelt metall i bagasjen.


Dei 11 juniorane frå Sogn og Fjordane oppnådde fylgjande plasseringar:

2 gull:
Robert Andre Moldestad frå Breimsbygda IL i klasse 62 kg og Hans Sande frå IL Brodd i klasse 94 kg.

2 sølv:
Marcus Røed Frøyset frå IL Brodd i klasse 69 kg og Ole-Kristoffer Sørland frå Breimsbygda IL i klasse 105 kg.

2 bronse:
Bjarne Bergheim i klasse 85 kg og Leiv Arne Støyva Sårheim i klasse +105 kg, begge desse frå Breimsbygda IL

3 stk på den såkalla «sure» 4-plassen, men etter flott innsats:
Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda i klasse 58 kg, Vilde Sårheim i klasse 69 kg, også frå Breimsbygda, og Vemund Holstad frå Tambarskjelvar IL i klasse 77 kg

1 stk 5-plass:
Maithe Eilander frå Breimsbygda i klasse 58 kg

1 stk 6-plass:
Håkon Hjelle Roset frå IL Brodd i klasse 77 kg.

Ei rad personlege rekordar både på medaljevinnarane og dei som enda utanom pallen!

Sogn og Fjordane stilte med ein svært ung tropp i år: Heile 7 av dei 11 er ungdomsløftarar med minst 3 år att i juniorklassa. Det lovar godt også for framtidige junior-NM!