Even Hole Cup 2016

20. mars 2016

Skjærtorsdag  blir det tradisjonen tru storslalomrenn på Utvikfjellet. Even Hole Cup er eit tradisjonsrikt alpinrenn, der alle kan vere med uansett ferdigheiter. Nytt av året er at det blir ein heil Jarlsberg ost (10 kg) i premie til raskaste kvinne og raskaste mann i lang løype.

Vi håpar mange melder seg på, det blir løyper i både storeheisen og mellomste bakken. Påmelding via min idrett, eller til mail: anders.felde@breim.no

Invitasjonen til rennet finn du her: Invitasjon even hole cup