Solid kamp og siger til herrelaget

18. april 2016

Herrelaget spelte ein veldig god kamp og vann fortent 4-3 heime mot Oppstryn. Dette var første kampen til samarbeidslaget Breimsbygda/Jølster 2. Eit samarbeid som allereie i første serierunde viste seg å vere heilt avgjerande for å kunne spele kampen, då berre 8 breimningar har møtt på trening og vist interesse for å spele kamp.

Om vi går ut i frå at Oppstryn er omlag like gode som i fjor, så har vi fått eit langt sterkare lag etter at vi fekk med Jølster 2. Første omgang var jamn og uavgjort var såleis greit etter at Daniel Klakegg scora vårt mål. Første halvtimen av andre omgang er det beste vi har spelt på mange år, og vi hadde mange store sjansar i tillegg til dei 3 scoringane til Kjetil Løkke Vie (2) og Stian Urheim. Oppstryn skapte knapt ein sjanse i denne perioden. Siste 10 minutt fekk Oppstryn mål etter rot bak med oss, og like etter set vi ballen i eige mål etter meir rot. Det vert såleis spennande på slutten men vi greier å ro det heile inn til siger 4-3. Svært fortent siger som burde vore større.

Meget god kamp i dag heilt frå keeper til spissar. Greier vi å stille med tilnærma same mannskap på treningar og kampar framover så blir det heilt sikkert fleire gode kampar i årets sesong 🙂

Dommar Krossøy frå Haugen dømte godt i ein kamp der det kokte bra opptil fleire gongar.

Dei som spelte: Gregor Filipek, Sverre Sæten, Sindre Willumsen, Roar Willumsen, Bjørn Inge Flølo Kleppe, Jon Åge Strand, Stian Kvellestad, Ole Kristian Espe, Tormund Årdal, Kjetil Løkke Vie, Daniel Klakegg, Ole Kleveland Førde, Nils Bjarte Førde, Leif Øystein Felde og Stian Urheim.