EM-løfting i dag onsdag 27 april på 123 kl. 18.00

27. april 2016

Ein Volvo V50 var på tur Byrkjelo- Naustdal i går ettermiddag. I tillegg til vektskivene Breimsbygda hadde lånt ut til EM fekk han med noko av betalinga for dugnadsinnsatsen til BBIL under EM:

Eit nytt konkurransesett med både herre- og damestang, eit par ekstra 25 kg-skiver, 2 nye skivestativ og eit Eleiko knebøystativ.
Nokre av dei som var med i Førde på EM-dugnaden var med på å få det nye utstyret på plass i gårkveld. Og var godt nøgde med resultatetet av jobbinga si.

Vi reknar med dette vil gje betre resultat på Breimsbygda sine stemne i treningslokala på 123
– om det ikkje blir heilt EM-nivå med det aller første 🙂A
C H

Velkomne til å vere dei første som prøver «EM-løfting på 123» – på seriestemnet i dag onsdag 27.april kl. 18.00 – innveging 17.30.

Eller stikk innom som publikum i dag. Eller prøv EM-utstyret seinare under trening på 123 – det er tilgjengeleg for alle!