Herrelaget med siger borte mot Svelgen

28. mai 2016

Herrelaget held fram sigersrekkja og vann 5-3 borte mot Svelgen på tysdag. Vår effektive spissduo Kjetil Løkke Vie (3) og Daniel Klakegg (2) scora våre mål. Kampen var jamnspelt men vi var betre enn Svelgen i begge endar av bana. Gledeleg også i denne kampen at vi greier å stille ei solid kamptropp på 17 spelarar (4 frå Jølster). Øyvind Løkke Vie blei speleklar til denne kampen og blir kanskje med ut sesongen. Geir Kvellestad var og tilbake til denne kampen.  Med 3 sigrar og ein uavgjort er vi framleis ubesigra i årets serie. No ventar Vikane/Loen/Stryn 3 på heimebane 31. mai.

Kampfakta:
Svelgen – Breimsbygda/Jølster 2