Støyl-tilstøylstur 15. juni 2016

7. juni 2016

Tradisjonen tru skal vi legge ut på støyl-til-støylsturen vår. Alle burde har vore med på denne turen minst eingong i livet og allerhelst kvart år.

Kva tid: kl. 17.00

Oppmøte: parkeringsplassen på Utvikfjellet

Ansvarleg for turen: trimgruppa ved Sabine Exner (tlf. 48053040),  Greta S. Veien er den kyndige kjentmannen vår på turen.

Vi går frå Utvikfjellet og er innom alle 16 støylane fram til Hunskårstøylen. Greta har sjekka forholda og seier at det det er greit å kome seg over elva mellom Dalsstøylen og Hunnskarsstøylen. (Det klarte vi ikkje i fjor!) Turen tek med stopp ved kvar støyl ca 5-6 timar. Nistepause på Sårheimsstøylen etter ca. 2 timar. Vi er framme på Hunskårstøylen ca. kl.22.00.

Det er bra og lett terreng, men litt ulend og langt å gå og vi kjem seint heim. Difor burde ein vere i ganske bra form.

Etter ynskje kan ein korte inn turen og gå ein av stiane tidlegare ned til bygda. (eller starte turen på t.d. Kvilestøylen?) Turen er omtala i «Dagens tur» av Jan Nic. Hansen.

Vi treng påmelding frå dei som treng skyss heim frå Høygarden. Det kostar kr. 50,- som går uavkorta til BBIL.

Les gjerne på denne flotte bloggen om turen eit tidlegare år: 16 støylar på rekke og rad