Knustørt på støyl-til-støylsturen 15.6.

18. juni 2016

Denne turen var vi heldige med på alle måtar.

Det var strålande sol, mildt og stilt og knustørt på stien. Vi kom oss tørrfot fram til siste støylen og ned igjen. Til og med elva mellom Dalsstøylen og Hunmskårsstøylen var ikkje fryktinnytande i dag. 11 deltakar hadde det gøy på turen, men lurte på kva dei blei av karane i kveld!?

Tusen takk til Greta som guida oss som vanleg med mykje kunnskap innom heile 16 støylar.

Husk neste tur går til Melkebakksteinen 28.6. 6. juli kl. 18.00 frå Meieriet. (obs: datoen er dendra!)

Sjå turane her.

Øvresetstøylen

 

Ullgras-år

Kvilestøylen

Alle kom i mål :)

Sabine