Herrelaget Breimsbygda/Jølster 2 på 2. plass etter vårsesongen

21. juni 2016

Herrelaget spelte i kveld borte mot serieleiar Haugen. Det vart ein spennande kamp der vi gjennomførte ei solid opphenting frå 4-2 til heimelaget til uavgjort 4-4 til slutt. Vi hadde fleire gode sjansar på slutten av kampen og kunne med litt flaks vunne, noko som hadde ført oss til tabelltopp etter halvspelt serie. Likevel eit greit resultat etter ein god kamp. Kjetil Løkke Vie (3) og Daniel Klakegg scora vår mål.

Totalt sett har vårsesongen vore svært god. Samarbeidet med Jølster har fungert veldig bra og vi har hatt jamt mellom 14-20 spelarar på trening. På kampane har det vore med full tropp (18 mann) og i tillegg fleire som har måtte stå over på grunn av for mange spelarar. Dette i sterk kontrast til fjoråret då vi var 5-6 på treningar og stort sett 11-12 meir eller mindre trente på kampane. Utfordringa i år er å fordele slik at alle får rimeleg speletid på kampane, noko som må kallast eit luksusproblem. Vi har kun tapt mot Flatraket/Selje 2 og har slått naborivalane Vikane/Loen/Stryn 3 og Sandane 2 i tillegg ti uavgjort mot Hyen. Særleg har vi fått ein giftig duo på topp der Kjetil Løkke Vie og Daniel Klakegg har stått bak dei fleste av våre 29 mål på 8 kampar.

1 Haugen 8 6 1 1 29 – 17 12 19
2 Breimsbygda /Jølster 2 8 5 2 1 29 – 20 9 17
3 Hyen 8 5 2 1 16 – 9 7 17
4 Flatraket /Selje 2 8 4 0 4 31 – 19 12 12
5 Sandane 2 8 3 1 4 25 – 21 4 10
6 Loen /Vikane/Stryn 3 8 3 1 4 11 – 23 -12 10
7 Stadlandet /Åheim 7 3 0 4 22 – 22 0 9
8 Svelgen 8 1 1 6 11 – 26 -15 4
9 Oppstryn 7 0 2 5 10 – 27 -17 2