Siger mot Svelgen

30. august 2016

Herrelaget held koken i 6. divisjon og slo Svelgen 6-4 på heimebane. Svelgen var heldige som leia 1-3 til pause etter at vi hadde nok sjansar til både 4 og 5 mål. I andre omgang heldt presset fram og vi vann til slutt fortent 6-4. Måla våre vart scora av Daniel Klakegg (3), Stian Kvellstad, Sindre Willumsen og Geir Andre Erikstad.

Spissane våre hadde nok ein god dag i angrep. Kjetil Løkke Vie (16) og Daniel Klakegg (13) er toppscorarar i serien og dei herja med Svelgenforsvaret heile kampen. Med dette resultatet heng vi med i tabelltoppen.