To tap og 3. plass til herrelaget

26. september 2016
Herrelaget avslutta sesongen med to toppkampar. I den første kampen blei det tap 3-5 mot Flatraket/Selje 2. Dette blei ein skiftande kamp der Flatraket/Selje 2 leia 3-0 midtvegs i 1. omgang. Etter dette snudde vi kampen og til pause hadde vi henta inn leiinga og det var uavgjort 3-3 midtvegs. Litt ut i andre omgang punkterte bortelaget kampen med to lettkjøpte mål der vi ikkje var konsentrert nok bak  på bana. Vi hadde fleire store sjansar siste kvarteret, men greidde ikkje å score i andre omgang. Flatraket/Selje 2 vann såleis fortent og vart seriemeister med denne sigeren. Alle våre 3 mål blei scora av Daniel Klakegg. Bilete og fakta frå kampen finn du her på Haugenfotball.no

I siste kampen mot Haugen spelte vi om andreplassen i avdelinga. Vi hang litt etter heile 1. omgang og låg bak 1-3 til pause. Vårt mål vart scora av Daniel Klakegg. Etter rundt 60 minutt fekk Haugen si fjerde scoring og kampen såg ut til å vere avgjort. Men med to raske scoringar av Kjetil Løkke Vie (straffe) og Mehmet Kostecki kvarteret før slutt blei det ny spenning i kampen. Begge lag hadde fleire store sjansar på slutten av kampen men det enda utan fleire scoringar. Kampfakta frå Haugenfotball.no.