Skisesongen er i ferd med å starte.

30. november 2016

Snøen er komen på Utvikfjellet og lysløypa vart køyrt opp for første gong i kveld 30. november. Skigruppa har fleire løparar i junior klassa som satsar hardt og her får du ein liten statusrapport for Edvin, Andreas og Reiel.

I aldersbestemte klassar er aktiviteten god. Fleire har vore med på samlingar i langrenn på Ullsheim, og alpinistane har vore med på barmark og skisamlingar i regi av Sogn og Fjordane Skikrins. Sist veke var Håvard Hetle, Elias Helle Felde, Marthea Felde, Olianna Felde, Anders Paulen, Erlend Hetle og Jakob Felde med på Fjord1 samling på Kvitfjell. Masse god skikøyring som lovar godt for den komande vinteren. Sansynlegvis startar ikkje sesongen i aldersbestemte klassar før i romjula / nyttår.
Langrenn:
Andreas Hetle går andre året på toppidrettsgymnas på Geilo (NTG) innan langrenn. Han hadde ein fantastisk sesong i fjor, med mange prestasjonar heilt i landstoppen. Siste halvåret har det desverre “lugga” litt. Andreas fekk påvist “kyssesyka” tidlegare i haust. Han følgjer difor eit spesifikt treningsopplegg tilpassa dei som har denne sjukdomen. Det betyr reduserte treningsdosar og treningsintensitet over lenger tid. Pr. i dag er han ikkje konkurranse klar, og det er usikkert kor tid han kjem til å konkurrere. Sansynlegvis startar han konkurransesongen i januar.  Andreas er ved godt mot, han har eit langsiktig perspketiv på idrettssatsinga si, og det går no framover med den fysiske formen.
Alpint
Edvin Fonn Sårheim:
Satsar på alpint med utgangspunkt kring NTG / universitetslaget på Lillehammer. Har køyrt FIS renn i fleire år, og har vist klar framgang i prestasjonane. Desverre hadde han eit stygt fall under alpintrening i førre veke og reiv av eit av korsbanda i eine kneet. Han har ikkje fått tidspunkt for operasjon, men har er uansett ute for resten av denne alpinsesongen. Han er allereie i gang med opptrening av kneet for å få best mogleg resultat av operasjonen.
Reiel D. Felde
Går første året på Skigymnas på Oppdal på alpintlinja. Han er meir eller mindre i rute og gledar seg til sesongstart. Han skal køyre 10 FIS renn no før jul. Først fire renn på Geilo torsdag-søndag. Formen blir rapportert å vere brukbar i slalom, men storslalomformen er ikkje heilt på plass enno.
Første runda med renn er no dei komande fire dagane. Storslalom torsdag og fredag, etter dei siste opplysningane so er det bestemt i kveld at det er Jr I NM i morogon (16-17 år). Laurdag og søndag er det slalom det skal konkurrerast i.